2. juni 2020

Service og vedlikehald

Vi tar service på dei fleste typar teknisk utstyr. Den siste tida har vi hatt fokus på rør-forsterkarar. Vi får tak i det meste av ulike rørtypar og servicedelar (inkl. merkevaredelar). Treng du noko til eigne reparasjonsprosjekt kan vi hjelpe deg med det også. På verkstaden vår i Høyanger kan vi utføre dei fleste serviceoppdrag, men vi reiser også ut til kunde for å ta vedlikehald på staden, om det er større tekniske anlegg. Vi selger standard kabling og produserar spesial tilpassa kablar etter behov.

Så har du forsterkarar og anna utstyr som står øydelagt og ikkje er i bruk? Eller skulle hatt ein gjennomgang på PA, lys og anna teknisk anlegg no når kulturkvardagen er på pause? Då er OnCue her for deg!

Vedlikehald

Vi reiser ut til kunde for å ta service og vedlikehald på større tekniske anlegg.

Rør-forsterkarar

Vi får tak i dei fleste typer rør og servicedeler, inkl. merkevaredelar. Driv du med ditt eige reparasjonsprosjekt kan vi hjelpe deg med deler.